Sølvgarden Hotell og Feriesenter

Mellom fossar og fjell ligg Sølvgarden Hotell & Feriesenter, midt i dalen, der vegane mellom aust og vest (Oslo-Stavanger og nord og sør (Kristiansand-Bergen) kryssast. Litt eventyr i kombinasjon med Setesdals kultur og tradisjonar gjev eit spennande interiør og spenstig utsmykking i god dialog med moderne fasilitetar som vi veit du set pris på.
I restauranten finn du eit variert innhald på menyen. For eksempel elgkarbonader av elg frå eigen skog, fjellaure frå Setesdalsheiene, og kanskje landsdelen beste rjomegraut. Når fleire reiser saman, tilbyr vi eigne opplevingspakker. Mest populært er «Ein smak av Setesdal», der opphaldet vert krydra med lokale smaksopplevingar og eigne kulturprogram med nokre av dalens stolte tradisjonsberarar. Skal du feire jubileum, bursdag eller bryllup har me passande selskapslokale for markeringa. Me legg til rette for at du skal få den flottaste feiringa.
Setesdal vert ofte kalla for sølvsmeddalen. Når det er det ingen tvil om at Rysstad er sølvsmedbygda. I sylvsmia på Sølvgarden vert det laga sølv til bunadane i Telemark, på Agder og i Setesdal. Anten du vil handle eit heilt sett eller kanskje bare eit par med øyrepynt, har me utvalet i Sylvbui. Det er også høve til omvising på verkstaden, og få demonstrert det gamle handverket.


www.solvgarden.no


Sølvgarden Hotell og Feriesenter
4748 Rysstad
T 37 93 61 30
booking@solvgarden.no

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^