Sylvgarden Hotell og Feriesenter

Velkomen til Sylvgarden Hotell og Feriesenter på Rysstad! Trygve og Inger Rysstad har bygd opp reiselivsverksemda og møter deg som vertsskap på Sylvgarden.Her finn du moderne komfort og nydeleg mat. I restauranten tilbyr dei velsmakande rettar med rot i norske mattradisjonar som elg, aure, rjomegraut og spekemat. Sylvgarden omfattar i tillegg til hotell og restaurantdelen, kafeteria, pub, motell med familierom, appartementshytter og campingplass. Her er og fasilitetar for selskap og konferansar. Trygve er sjølv sølvsmedmeister i 3. generasjon . Han har eigen sølvsmedverkstad og utsal på staden. Sylvgarden er verdt ein stopp for eit godt måltid mat - og som utgangspunkt for å oppleve Setesdal.

www.solvgarden.no


Sylvgarden Hotell og Feriesenter
4748 Rysstad
T 37 93 61 30
booking@solvgarden.no

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^