Fjellgarden Hovden

Bål i grua, latter, langbord og velsmakande mat
Den Gamle Gaard er eit tradisjonelt lafta Setesdalstun med historie i veggane. Tunet stod opphavleg på Uppstad i Valle kommune, og var heimen til den berykta Setesdalskjempa Bjørgulv Eivindsson Uppstad. Den eldste delen av garden stammar truleg frå 1500-talet.

Her er årestove kor det alltid blir god stemning rundt den opne elden i grua. I nystova er det peis og ”skåp og kvile”. Her dekker me gjerne langbord for gjestar som vil nyte godt selskap i stemningsfulle omgjevnader. Me kan dekke til 30 personar, eller fleire om ein også tar i bruk årestova.

Kokken Thor og vertskapet står for servering av god, heimelaga mat – og noko godt i glaset. Thor likar kombinasjonen av gode råvarer, gamle tradisjonar, nye smakar og ein velfylt vinkjellar. Menyen planlegg me gjerne i lag med deg, eller me kan kome med ulike forslag.

Kafé og afterski
Nokre gonger i løpet av vinteren arrangerer me afterski med sjel på Den Gamle Gaard. Om sommaren og i feriar har me gjerne open kafé og servering.

Følg med på nettsida vår eller facebook – så veit du når det skjer noko.


Fjellgarden Hovden
Breivevegen 40
4755 Hovden i Setesdal
T 90190771
post@fjellgarden.no

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^