Bykle Hotell

Hanna og Bjørn Erling B. Auestad tok over Bykle Hotell for 1 krone i 2003 mot å love satsing i Bykle! I dag driv dei i tillegg Hovden Feriesenter/ Hovdehytta med utleige av leiligheter på Hovdehytta & Hovden Appartement samt hytter ved Hovdestøylen. (Alle tilboda er samla på ei nettside: www.hovdenferiesenter.com)

Vertsskapet set gjesten i fokus – Her blir overnatting og mat gjerne supplert med forslag til aktivitetar og opplevingar i området rundt. Kjøkkenet er verksemda sitt varemerke og grunn god nok til at merkedagar og familiefeiringar gjerne blir lagt her. Staden er og fin for helg- eller ferieopphald, kurs og gruppeturar. Hanna og Bjørn Erling mottok ”Setesdalsprisen 2011” - ei utmerking for stadig utvikling av verksemdene og virke på ein særleg positiv og fortenestefull måte.

www.byklehotell.no


Bykle Hotell
4574 Bykle
T 37 93 89 99 / 97 57 37 23
post@byklehotell.no

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^