Bjåen turisthytte

Turisthytta ligg på fjellet mellom Hovden og Haukeli inst i grenda attmed Breivatn – og med høgfjellsmassiv på alle kantar! Sondov har vakse opp her. Han har i ein mannsalder brukt naturen til rekreasjon, hausting og formidling av naturglede – og kunnskap. Han er unik i formidling av fjellvett og bruk av naturen, og kjent som skiinstruktør og arrangør / instruktør for fuglehundtrening.

Fleire høgskular og universitet held årlege feltkurs her. Overnattingstilboda her: eit restaurert hus frå ca 1885 og ein nylafta låve med fire leilegheiter, med plass til seks stykk i kvar. Her er det også ein festsal / konferanserom for møter, grupper, konfirmasjonar osv. Årestova ligg idyllisk til nede ved Breivatn. På benkar dekte av reindsyrskinn kan du nyte ein varm og sterk kopp med bålkaffi, eller kanskje sjølvfiska aure? Inviter med slekt eller vennegjeng og leig deg inn for ei helg eller lenger. Du kan enten satse på sjølvhushald eller tinge selskapsmat med fjellsmak!

www.bjåen.com


Bjåen turisthytte
Sondov Bjåen
Bjåen
4755 Hovden i Setesdal
T 90 60 27 48
sondov.bjaaen@istorm.no

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^