Bjåen fjellstove

Bjåen Fjellstove er ein overnattingstad for deg som ynskjer å kjenne atmosfære frå den gamle tida kombinert med fjelluft frå Setesdalsheiane, hanegal frå ei aktiv gardsdrift og mat frå det lokale med smak frå det kontinentale. Dette er ein stad for natur- og kulturopplevingar. Her kan du få god mat av lokale råvarer og økologiske produkt. Det er 12 rom og matsal. Staden tilbyr fullpensjon og har skjenkeløyve. Ragnhild Bjåen er vertinna - med stor V!

Verksemda er sertifisert økoturismebedrift, og vart hausten 2009 kåra til Noregs hyggelegaste overnattingsplass av Søndagsmagasinet Dagbladet. Gjestane får gode stunder i ei heimsleg og varm stove, eller på altan med utsikt over Breivatnet. Her er staden for deg som vil ha eit avbrekk med sanselege opplevingar og ro i sjela! Mange gjestar opplever ei kjensle av å kome heim her!


Bjåen fjellstove
Ragnhild Bjåen
Bjåen
4755 Hovden i Setesdal
T 97 15 59 08 / 37 88 57 00
post@bjaen.no

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^