Valle Naturkjøt AS

Valle naturkjøt vart stifta i 2009, og har 23 aksjeeigarar busett over heile Agder. Felles for eigarane er at dei har hjarte for Valle, og at dei ønskjer å bidra med verdiskaping i lokalsamfunnet og kulturlandskapspleie. Valle naturkjøt sender kvar haust 15-20 kalvar av Hereford og Charolaise til slakting og pakking hos slaktar Eide i Lillesand. Kjøtet, blir distribuert i ”Agderbyen”, Telemark og Setesdal. Heile dyret vert nytta - dei sel også preparerte skinn.

Verksemda har fokus på dyrevelferd. Dyra går ute heile året. I sommarhalvåret blir dei flytta frå stad til stad for å ha best mogleg beitetilhøve. Dei kan boltre seg over store og varierte areal. Om vinteren har dei fast tilhaldsstad ved Rv 9, like ved Valle sentrum, der kan du sjå dei når du køyrer forbi. Dyra er venlege og rolege - og nydelege å sjå på!


Valle Naturkjøt AS
Edvin Brottveit
Leite
4747 Valle
T 918 82 403

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^