Høgetveit Gård

På Høgetveit gård i Evje og Hornnes kommune, dyrkar Wenche og Sjur Høgetveit fram dei mest høgtliggande morellane i heile Norden. Morellproduksjon på 300 m.o.h, gjev både utfordringar og mulegheiter. Frostnetter i april og mai er ikkje uvanleg, og bøndene på Høgetveit må fylgje ekstra godt med i bløminga. Morellane vert produsert i plasttunnellar, som gir vern mot frost, sprekkar og rote. I tillegg blir det produsert bringebær og plomme på garden. I 2015 blir det også videreforedling av gardens råvareproduksjon; mellom anna morellsirup og bringebærsaft.

Begge to har bondeyrket som livsstil. Medan Sjur har hovudansvaret for den daglege drifta, arbeider Wenche i Norsk Landbruksrådgiving Agder. I høgsesongen tek heile familien del i arbeidet. Bæra blir levert til grossist, men vert også selt direkte frå garden og under messa Naturligvis.


Høgetveit Gård
Wenche og Sjur Høgetveit
4735 Evje
T 37 93 08 91 / 91 76 31 03
hoegetve@online.no

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^