Bjellås Bigård

På garden Bjellås, midt mellom Moisund og Abusland i Evje og Hornnes kommune, har småbrukaren Steinar Bjellås slått seg ned med familien. Her vert det dyrka velsmakande bær, og biene surrar kring kubene. Arealet med bær aukar stadig. I år er det 9 dekar med bringebær og jordbær som skal haustast.

Honningen er i ein klasse for seg sjølv. Dette har butikkjeda Rema 1000 fått med seg, og har sikra seg fast leveranse av den vidgjetne honningen. Steinar passar likevel på å alltid ha noko å by folk som vil kjøpe av han direkte. Ta gjerne turen innom, eller ring for ei smaksoppleving av dei heilt sjeldne.


Bjellås Bigård
Steinar Bjellås
Nordheim
4737 Hornnes
T 99 79 98 23
steinar@bjellas.no

© Setesdal Regionråd. Fotograf: Marit Simonstad Kvaale.
Nettsida er utvikla av Tress Design

^